Vegvedlikehald
Generelt
Beskriving
Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken. Det kan til dømes vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar og staten for riksvegane. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.
Oppgåvene kan vere
- feiing og reinhald
- fjerning av søppel
- klipping av vegetasjon
- rydding i kraftsoner
- vegoppmerking og skilting
- brøyting og strøing om vinteren
Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei allminnelege erstatningsreglane.
Brosjyrar, dokument,kart og lignande
Regelverk
Lov
Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 81 ForurensningsmyndigheteneVeglova kap. III Planlegging, anlegg og vedlikehold av veg
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429750
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
15.09.2011 10:35

