Vald - godkjenning
Generelt
Beskriving
Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengjande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.
Målgruppe
Grunneigarar/jaktrettshavarar
Kriterie
Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.
Pris
Minstearealet i Klepp for rådyrvald er 500 dekar.
Brosjyrar, dokument,kart og lignande
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Sjå kapittel 3 i forskrifta.
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 16 Fellingstillatelse på hjortevilt og bever – minsteareal
Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 40 Kontroll med betalt jegeravgift
Forskrift
Forskrift om forvaltning av hjorteviltSøknadsprosess
Veiledning
Du må sende skriftleg søknad med
- opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
- kart som viser grensene for valdet
- oversikt over eigedommane som valdet omfattar (med gards- og bruksnummer) og storleiken på kvar eigedom
- oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane
- skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet
- namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet
Du kan òg nytte skjemaet under.
Søknadsfrist
1. mai for elg, hjort og rådyr og 15. mai for villrein
Mottaker
Kommunen godkjenner vald for jakt på elg, hjort og rådyr. Søknader om godkjenning av vald som omfattar fleire kommunar, skal sendast til den kommunen der det største teljande arealet ligg. Villreinnemnda godkjenner vald for jakt på villrein.
Behandling
Kommunen/villreinnemnda skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen/villreinnemnda før klagefristen for vedtaket ender.
Behandlingstid
Godkjenning av vald skal skje innan 15. juni.
Klagerett
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 97 50
- Telefaks 51 42 97 62
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
19.01.2012 08:00

