Trus- og livssynssamfunn - tilskott

Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskott.

Generelt

Beskriving

Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskott. Det kommunale tilskottet blir rekna ut på grunnlag av kommunen sitt budsjetterte utlegg til Den norske kyrkja, fordelt på kvart statskyrkjemedlem i kommunen. Søknad om kommunalt og statleg tilskott sendast samla.

Målgruppe

Trus- og livssynssamfunn

Kriterie

For å ha rett til kommunal støtte må trus- eller livssynssamfunnet ha rett til statleg støtte. Det er Fylkesmannen som avgjer om eit trus- eller livssynssamfunn har rett til det statlege tilskottet. Ein kan berre krevje tilskott for medlemmer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja eller eit anna trus- eller livssynssamfunn som får tilskott. Tilskott til trussamfunn skal gå til religiøse føremål. Tilskott til livssynssamfunn skal gå til føremål som fell inn under virket som livssynssamfunn.

Regelverk

Lov

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om tilskott til livssynssamfunn
Lov om trudomssamfunn og ymist anna

Forskrift

Forskrift om registrerte og uregistrerte trossamfunn
Forskrift om tilskot til livssynssamfunn

Retningslinje

Kommunalt tilskudd til tros- og livssynssamfunn (rundskriv)
Tilskudd til tros- og livssynssamfunn 2011 (rundskriv)

Søknadsprosess

Veiledning

Leiaren for det styrande organet til trus- eller livssynssamfunnet sender ein skriftleg søknad.

Vedlegg

  • Organisasjonsnummer frå Einingsregisteret (meir informasjon får du frå Brønnøysundregistra, tlf: 75 00 75 00)
  • Rekneskap og årsmelding frå ev. føregåande tilskottsår
  • Oversikt over fødselsnummer for alle medlemmer med rett til tilskott. For samfunn med meir enn 100 medlemmer skal oversikten liggje føre digitalt på diskett eller CD-rom

Søknadsfrist

Innan 1. april for det året det blir søkt om støtte for

Mottaker

Søknaden om statleg og kommunalt tilskott skal ikkje sendast til kommunen, men til Fylkesmannen i det fylket der samfunnet har hovudsetet sitt.

Behandling

Fylkesmannen vidaresender medlemsoversikt med fødselsnummer til Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra kontrollerer alle fødselsnumra opp mot det sentrale folkeregisteret. Det vil berre bli utbetalt tilskott for medlemmer med gyldig fødselsnummer.

Klagerett

Organisasjonen kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå vedtaket blei mottatt. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal det førast opp kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen behandlar klager over kommunale vedtak om tilskott. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Andre opplysningar

Sist oppdatert

31.08.2011 07:52