Tidlegpensjon for jordbrukarar
Ordninga med tidlegpensjon er ein del av veldferdsordningane i landbruket.
Generelt
Beskriving
Ordninga med tidlegpensjon er ein del av veldferdsordningane i landbruket. Tidlegpensjon skal lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det blir utbetalt anten ein éinbrukar- eller tobrukarpensjon. Tobrukarpensjon er aktuelt i dei tilfella der også brukaren sin ektefelle/sambuar har tatt aktivt del i drifta. Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden brukaren fyller 67 år, med mindre brukaren får utbetalt andre typar pensjonar som ikkje kan kombinerast med tidlegpensjonen.
Målgruppe
Alle som driv med jordbruk, men spesielt dei som ønskjer å overlate drifta til nokon andre og trekkje seg attende.
Frå 1.1.2011 vert det innført ny ordning med fleksibelt uttak av alderspensjon frå folketrygda. Det vert då mogleg å motta fleksibel alderspensjon og tidlegpensjon til jordbrukarar samtidig. Dette skal gjelde både for dei som allereie mottar tidlegpensjon og nye søkjarar. Det vert ingen avkorting av tidlegpensjon for dei som vel å motta begge ytelsane samtidig.
Kriterie
- Brukaren må vere fylt 62 år
- Landbrukseigedommen må vere overdratt til ny eigar eller forpaktingsavtalen må vere oppsagt
- Brukaren må ha vore gardbrukar i minst 15 år
- Næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må ha vore minst kr 90 000 i referanseperioden som er sett til fem år
- Minst 25 % av inntekta frå jordbruk/gartneri og skogbruk skal vere inntekt frå jordbruk/gartneri
- Minst 67 % av samla inntekt må vere næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk eller brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå bruket må utgjere minst 50 % av deira samla inntekter
Ved tobrukarpensjon er det i tillegg òg krav om at
- ektefelle/sambuar må ha fylt 57 år
- ektefelle/sambuar må ha budd og arbeidd på landbrukseigedommen i dei siste fem åra
- brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må utgjere minst 50 % av dei samla inntektene deira
- ektefelle/sambuar kan ikkje ha annan inntekt på meir enn kr 100 000 utanom bruket i referanseperioden
Fylkesmannen kan gje dispensasjon frå inntektskrava på nokre område.
Spørsmål knytta til TPO-ordninga kan rettast til Elisabeth Vårlid 51 42 98 93 eller Hilde Kristin Honnemyr 51 42 98 90 ved landbruksavdelinga.
Regelverk
Lov
Lov om jord (jordlova)Forskrift
Forskrift om tidligpensjon til jordbrukereSøknadsprosess
Skjema SLF-108
Vedlegg
- Utskrift som viser inntekt frå dei fem åra som inngår i referanseperioden
- Kopi av tinglyst skøyte på at landbrukseigedommen er overdratt til ny eigar eller skriftleg oppseiing av forpaktningsavtalen
- Skattekort
Behandling
Kommunen kontrollerer at søknaden er riktig utfylt og at alle vedlegga er med. Søknaden blir sendt til landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, som gjer vedtak i saka. Statens landbruksforvaltning utbetaler pensjonen kvartalsvis.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 98 90
- Telefaks 51 42 98 94
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
23.08.2011 09:00

