Tekniske hjelpemiddel - utlån
Generelt
Beskriving
Er du funksjonshemma eller har du vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.
Søknad om tekniske hjelpemidler fås via Ergoterapi avdelingen i Klepp kommune.
Kriterie
Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.
Pris
Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste.
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om folketrygd (folketrygdloven) kap. 10 Stønad for å kompensere for utgifter ...
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-1 - Kommunens overordnede ansvar for helse- og omsorgstjenester
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Forskrift
Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinatorForskrift om hjelpemiddelsentralens virksomhet og ansvar
Søknadsprosess
Veiledning
Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.
Behandling
Kommunen kartleggjer hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk blir det gjort eit vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.
Behandlingstid
Kommunen / Nav Hjelprmiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagerett
Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket. I klagen skal du føre opp kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom Hjelpemiddelsentralen let avgjerda stå, blir saka send vidare til Nav Klageeining, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Beskriving
Sentralbord
- Telefon 51 42 98 00
- Telefaks 51 42 98 22
- Nettadresse http://www.klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25, 4358 Kleppe
- Opningstid 07:40 - 15:00
Andre opplysningar
Sist oppdatert
07.03.2012 14:02

