Skulefritidsordning (SFO)
Generelt
Beskriving
Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. klasse og til barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.
SFO er også eit tilbod til funksjonhemma ungdom i ungdomsskule og vidaregåande skule til elevar frå Klepp kommune. For søknad og informasjon ta kontakt med: Klepp kommune, Etat for skule og barnehage, Postboks 25, 4358 KLEPPE. Tlf. 51 42 97 36.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen som er busette i kommunen
Regelverk
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 10-9 Politiattest
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 13-7 Skolefritidsordninga
Retningslinje
Rutiner for legemiddelhåndtering i barnehage, skole og skolefritidsordningSøknadsprosess
Søknadsfrist
1. mars
Mottaker
Behandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagerett
Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Andre opplysningar
Sist oppdatert
19.01.2012 13:21

