Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring/vurdering med karakter
Generelt
Beskriving
Som elev kan du søkje om å få fritak frå opplæring eller fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Dette er ikkje det samme.
Du kan søkje om å få fritak frå opplæring og vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom du
- får opplæring i teiknspråk, samisk eller finsk
- er minoritetsspråkleg og får særskild språkopplæring (det vil seie særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring)
Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan du søkje dersom du
- i løpet av tida på ungdomsskulen har fått særskild språkopplæring, men no følgjer den ordinære opplæringa i norsk
- får spesialundervisning som omfattar skriftleg sidemål
- har ein diagnostisert sjukdom, skade eller liknande som gir deg problem med å klare både hovudmål og sidemål
- ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskule
- oppfylte vilkåra for å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, men ikkje fekk fritak på grunn av ein saksbehandlingsfeil som kan dokumenterast
Har du fått fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, skal du likevel delta i opplæringa. Du skal òg ha vurdering undervegs av læraren din. Vurderinga skal seie noko om kompetansenivået ditt i faget og kva du må gjere for å bli betre. Uansett type fritak så tyder ikkje det at du får fritak frå å lese tekster på sidemål.
Målgruppe
Elevar i grunnskole og vidaregåande skole
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Sjå §§ 1-11, 3-22 og 4-15 (gjeld vaksne).
Forskrift
Forskrift til opplæringslovaSøknadsprosess
Veiledning
Du sender søknad om å bli friteken frå opplæring i skriftleg sidemål til rektor på den skolen du går på. Det samme gjeld dersom du søkjer om fritak for vurdering med karakter.
Behandling
Skolen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du kan bli misfornøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til skolen før klagefristen for vedtaket går ut.
Behandlingstid
Skolen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.
Klagerett
Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til skolen. Dersom skolen lar avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskolen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skole), som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 98 00
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25, 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1, 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
17.02.2012 13:53

