Skogfond
Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond.
Generelt
Beskriving
Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til
- all form for skogkultur
- underskott ved tynningsdrift
- etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
- nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
- vegvedlikehald av skogsbilvegar
- meirverdiavgift
- skogbruksplan
- skogforsikring
- grensearbeid i utmark
- kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
- miljøtiltak
- bioenergitiltak
Kriterie
For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.
Regelverk
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om skogbruk (skogbrukslova)
Forskrift
Forskrift om skogfond o.a.Søknadsprosess
Veiledning
Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Statens landbruksforvaltning - sjå lenkja under.
Statens landbruksforvaltning gjer etter kvart sine elektroniske tenester tilgjengelege på Altinn. For at du skal kunne bruke Altinn, må skogeigendommen vere registrert på ein personleg eigar med eit fødselsnummer. Inntil vidare må andre bruke den gamle pålogginga på SLF si heimeside. Sjå skjema SLF-909 og SLF 910.
Hvordan logge deg på SLFs elektroniske tjenester i Altinn?
Statens landbruksforvaltning (forkjellige skjema)
Vedlegg
Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa.
Behandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 98 90
- Telefaks 51 42 98 94
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
23.08.2011 09:12

