Skjenkjeløyve
Personar eller verksemder som ønskjer å drive ein serveringsstad som sel alkoholhaldig drikk, må søkje kommunen om skjenkjeløyve.
Generelt
Beskriving
Personar eller verksemder som ønskjer å drive ein serveringsstad som sel alkoholhaldig drikk, må søkje kommunen om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen. Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Løyvet kan gjelde
- alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
- alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- all alkoholhaldig drikk
Kriterie
Skjenkjeløyvet kan ikkje bli gitt ålene, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar som er knytta til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha stått i kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova.
Regelverk
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om omsetning av alkoholholdig drikk (alkoholloven)
Lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)
Forskrift
Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk (Alkoholforskriften)Retningslinje
Håndbok i alkoholloven (Helsedirektoratet)Søknadsprosess
Veiledning
Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.
Vedlegg
- Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
- Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
- Dokumentasjon på stått etablerarprøve
- Dokumentasjon på styraren / avløysaren si tilknytting til verksemda
- Firmaattest frå Brønnøysundregistra
- Eventuell skatteattest
Behandling
Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir tildelt etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.
Behandlingstid
Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429800
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
27.03.2012 13:19

