Eigarseksjonering/reseksjonering
Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på.
Generelt
Beskriving
Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader.
Målgruppe
Hus- og bygningseigarar
Kriterie
- Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
- Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
- Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining
For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova. For eksisterande bygningar inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.
Regelverk
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven)
Forskrift
Forskrift om bruk av blankett ved begjæring om seksjonering av fast eiendomSøknadsprosess
Veiledning
Dersom du er heimelshavar til eigedommen, kan du sende ei melding til kommunen om at du ønskjer løyve til seksjonering. Opplys om
- gards- og bruksnummer til eigedommen
- føremålet med kvar seksjon
- sameigebrøk for kvar seksjon
- vedtekter for sameiget
Bruk skjema for seksjoneringsbegjæring.
Vedlegg
- Planteikningar
- Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
- Eigenmelding om at vilkåra i lova er oppfylte
- Namneliste over dei som bur der
Behandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.
Behandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
20.04.2012 00:37

