Samanslåing av matrikkeleiningar (eigedommar)

Generelt

Beskriving

Eig du to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) i same kommunen, kan du krevje å få dei slått saman til éin eigedom med eitt gårds- og bruksnummer. Festar du to festegrunnar (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummeret, kan du krevje å få dei slått saman til eitt festenummer. Sjå nedanfor kva for vilkår som må vere oppfylte.

Målgruppe

Personar som er heimelshavarar (har grunnboksheimel) til meir enn éin eigedom eller meir enn éin festegrunn

Kriterie

  • Eigedommane må liggje i den same kommunen. Til vanleg vil eigedommane grense opp til kvarandre og utgjere eit samanhengjande heile, men det er òg høve til for eksempel å slå saman to eigedommar som ligg på kvar si side av ein veg
  • Det må liggje føre ein attest frå kommunen. Dersom ei samanslåing kan føre til forhold som er i strid med reguleringsføresegnene, kan kommunen nekte å skrive attest
  • Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom ho fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar
  • Samanslåing av festegrunn kan berre skje dersom festekontraktane er likelydande og festegrunnane ligg på same grunneigedommen

Statens kartverk - tinglysingen

Regelverk

Lov

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 18 Samanslåing av eksisterande matrikkeleiningar
Lov om tinglysing (tinglysingsloven)

Forskrift

Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) kap. 10 Sammenslåing

Søknadsprosess

Veiledning

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Det er heimelhavaren sitt ansvar å bringe dette i orden. Ta eventuelt kontakt med Tinglysinga hos Statens Kartverk, tlf. 32 11 88 00, dersom du ikkje har oversikt over dette. Kravet om samanslåing sender du til kommunen.

Krav om sammenføying

Behandling

Kommunen vurderer om vilkåra for samanslåing ligg føre og skriv ut ein attest dersom dei finn ut at forholda for samanslåing er til stades. Dersom heimelshavaren (som festar eller som eigar) krev to festegrunnar (festenummer) føyd saman, må vedkommande sende kopi av kravet til den / dei andre heimelshavarane. Desse får ein frist på to veker til å uttale seg. Krav om samanslåing bør ikkje sendast til tinglysingsmyndigheita før denne fristen på to veker er over. Det er kommunen som i eigedomsregisteret (matrikkelen) avgjer kva for bruksnummer/festenummer som skal stå og kva for nummer som skal settjast til historiske. Sei ifrå dersom du har ønske knytta til dette. Deretter vidaresender kommunen kravet ditt med attest til Tinglysinga hos Statens Kartverk. Dei avgjer om vilkåra for samanslåing er oppfylte og skriv i så fall inn samanslåinga i grunnboka.

Klagerett

Du kan klage dersom kommunen nektar samanslåinga. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Bygnings- og reguleringsavdelinga
  • Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

23.09.2010 15:17