Returordningar for avfall
Generelt
Beskriving
Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal gjenvinnast. Kommunen har plikt til å ta imot visse typar avfall. Det gjeld òg produsent eller forhandlar.
- Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel)
Kommunen skal sørgje for at det finst eit dekkjande tilbod for mottak av EE-avfall. Du kan òg levere EE-avfall til ein forhandlar. For hushalda er dette gratis. Leverer du næringsavfall til ein forhandlar, vil det ikkje koste noko dersom du samstundes kjøper ei tilsvarande mengd EE-produkt. - Miljøskadelege batteri
Du kan levere batteria gratis i retur til forhandlaren når dei blir kasserte. Plikta er avgrensa til den kategorien batteri som forhandlaren sel. - Kasserte dekk
Forhandlaren har plikt til å ta kasserte dekk gratis i retur. - Flasker og boksar (emballasje til drikkevarer)
Utsalsstader har plikt til å ta imot ei rimeleg mengd returar av tomemballasje som går inn i ei panteordning og som dei sjølve forhandlar. Du kan krevje å få pantesummen utbetalt kontant - PCB-haldige isolerglassruter
Isolerglassruter produsert fram til 1980 kan innehalde PCB og skal leverast inn som farleg avfall. Hushald kan levere PCB-ruter gratis til kommunalt avfallsmottak. Kommunen har plikt til å motta inntil 500 kg PCB-ruter per år per avfallseigar.
Målgruppe
Hushald og verksemder
Brosjyrar, dokument,kart og lignande
Kommunal informasjonsside om kildesortering
Gjeldende lokal renovasjonsforskrift
Felles avfallsnorm for kommunene Klepp, Gjessdal og Hå
Regelverk
Forskrift
Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften)Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse 4358 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
16.12.2011 09:23

