Reklameskilt langs veg
Generelt
Beskriving
Du må søkje om å få setje opp reklameskilt langs kommunal veg av omsyn til trafikktryggleiken. Det kan vere informasjon om næringsverksemd, eit produkt eller eit lokalt arrangement. Gjenstandane kan vere alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb. Uansett avstand frå vegen må du søkje dersom skiltet er retta mot trafikken eller er synleg for vegfarande. Kommunen gir løyve for ein avgrensa periode. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten, er forbode. Dersom du set opp skilt utan løyve, og kommunen må fjerne det, må du betale det det kostnar. Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan unnlate å gjere det dersom det hastar med å fjerne skiltet.
Målgruppe
- Næringsdrivande
- Organisasjonar
- Privatpersonar
Kriterie
Du treng ikkje søkje dersom du skal setje opp
- namneskilt eller reklame for eiga verksemd og som er plassert på sjølve bygninga der verksemda blir driven, føresett at det ikkje påverkar trafikktryggleiken
- skilt i kryss med privat veg, slik som Køyr langsamt, born leikar
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Veglova § 33 og § 57
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 30-3 Skilt- og reklameinnretninger
Lov om vegtrafikk (vegtrafikkloven) § 5 Skiltregler m.m.
Veglova
Søknadsprosess
Veiledning
Kommunen kan gje deg meir informasjon om kva det kan gjevast løyve for, kva som ikke er tillate, og kva du kan gjere utan å søkje om løyve.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
23.09.2010 15:16

