Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskott
Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytta til Regionalt miljøprogram.
Generelt
Beskriving
Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytta til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.
Målgruppe
Landbruksføretak
Kriterie
Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott.
Søknasfrist er 1. oktober.
Søknadsfrist for grubbing er 1. november.
Søknadsprosess
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.
Vedlegg
For mange av ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.
Behandling
Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.
Behandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Statens landbruksforvaltning klageinstans.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 98 90
- Telefaks 51 42 98 94
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
23.08.2011 09:11

