Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule – innhald og timetal

Generelt

Beskriving

Du kan vende deg til Fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn etter opplæringslova, dersom du meiner at skulen ikkje gir opplæring i samsvar med den fag- og timefordelinga som Kunnskapsdepartementet har utarbeidd. Oversynet viser kor mange timar kvart fag skal ha på dei ulike skoletrinna, og kva fagkombinasjonar som er moglege. Dette er ein del av Læreplanverket for Kunnskapsløftet – ei reform for skuleverket som starta i 2006. Skuleeigar er forplikta til å dokumentere at skulen følgjer fag- og timefordelinga.

Skulen skal prioritere at eleven utviklar grunnleggjande ferdigheiter i å:

  • uttrykkje seg munnleg 
  • uttrykkje seg skriftleg 
  • lese 
  • rekne 
  • bruke digitale verktøy

Desse ferdigheitene er integrerte i læreplanane for dei ulike faga. Læreplanane har tydelege mål for kva eleven skal meistre på dei ulike trinna. Dersom eleven ikkje har nok utbytte av den vanlege undervisninga, har ho eller han rett til spesialundervisning..

Kunnskapsløftet

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Sjå opplæringslova §§ 2-3, 3-2, 3-4, 4A-6, 6-4
 

Lov

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Forskrift

Forskrift til opplæringslova kap. 1 Innhaldet i opplæringa

Retningslinje

Veiledninger til læreplaner i Kunnskapsløftet

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Klepp kommune, Etat for skule og barnehage
  • Telefon 51 42 98 00
  • E-post postmottak@klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25, 4358 KLEPPE
  • Besøksadresse Solavegen 1, 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

01.08.2011 00:51