Omsorgsovertaking av eit barn

Generelt

Beskriving

Det offentlege overtar omsorgen for eit barn når foreldra på ein eller annan måte ikkje har kunna gje god nok omsorg til barnet. Det må vere nødvendig å overta omsorgen ut frå den situasjonen barnet er i. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker gjer vedtak om omsorgsovertaking. Eit slikt vedtak kan ikkje gjerast dersom det kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet ved hjelpetiltak.

Kort tid etter at dei har overteke omsorga for eit barn, skal barneverntenesta kontakte foreldra og tilby rettleiing og oppfølging. Barneverntenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre foreldra si omsorgsevne slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogleg.

Foreldra kan krevje av vedtaket om omsorgsovertaking blir lagt fram for tingretten for rettsleg prøving.

Kriterie

Kriterium for omsorgsovertaking kan vere 

  • at det er alvorlege manglar ved den daglege omsorgen som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling
  • at foreldra ikkje sørgjer for at eit sykt eller funksjonshemma barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
  • at barnet blir mishandla 

 

Regelverk

Lov

Lov om barneverntjenester (barnevernloven) § 4-12 - vedtak om å overta omsorgen for et barn

Retningslinje

Barnevernet og taushetsplikten ... (rundskriv)
Opplysningsplikt til barnevernet og barnevernets adgang til å gi opplysninger

Søknadsprosess

Behandling

Den kommunale barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda er eit domstolliknande organ som normalt blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av to sakkunnige medlemmer og to lekfolk.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersonar


FornavnRandi
EtternavnMøller
TittelSeksjonsleiar
Telefon51 42 98 00

Kontaktavdeling

  • Namn Servicetorget
  • Beskriving

    Sentralbord

  • Telefon 51 42 98 00
  • Telefaks 51 42 99 01
  • Besøksadresse Olav Hålandsveg 2 4352 Kleppe
  • Opningstid 07:40 - 15:00

Andre opplysningar

Sist oppdatert

26.08.2011 10:23