Offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon - erstatning

Erstatningsordninga skal sikre at landbruksføretak ikkje lir tap fordi dei får pålegg frå det offentlege som eit ledd i å oppnå trygg mat og miljøvennleg produksjon

Generelt

Beskriving

Erstatningsordninga skal sikre at landbruksføretak ikkje lir tap fordi dei får pålegg frå det offentlege som eit ledd i å oppnå trygg mat og miljøvennleg produksjon. Du kan få erstatning for

  • produksjonstap av plantar og husdyr
  • saneringstiltak
  • tap i ein pålagt opphaldsperiode
  • produksjonstap ved flytterestriksjonar på bier
  • nedfôringskostnader osb. på grunn av radioaktivitet

Målgruppe

Verksemder innan landbruket som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • er registrerte som meirverdigavgiftspliktige
  • kan levere årsoppgåve som landbruksføretak
  • er husdyreigar

Verksemder som ikkje fell inn under målgruppene over, kan likevel få utbetalt erstatning dersom dei har hatt enn omsetnad på minst 20 000 kroner dei siste tolv månadene før pålegget eller restriksjonen blei gjeven.

Kriterie

 

  • Verksemda skal ikkje ha valda tapet forsettleg eller grovt uaktsamt
  • Verksemda har oppfylt varslingsplikta
  • Verksemda har gjennomført pålagte tiltak
  • Tapet ikkje kan dekkjast gjennom ei allmenn forsikringsordning eller på annan måte

Regelverk

Lov

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven)

Forskrift

Forskrift om erstatning (...) i plante- og husdyrproduksjon

Søknadsprosess

Veiledning

Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Statens landbruksforvaltning.

Skjema SLF-278 og SLF-279

Statens landbruksforvaltning (forkjellige skjema)

Vedlegg

  • Kopi av offentleg pålegg eller restriksjon
  • Stadfesting på at heile eller delar av pålegget eller restriksjonen er gjennomført
  • Dokumentasjon over tap
  • Annan nødvendig dokumentasjon

Søknadsfrist

Seks månader etter at pålagte eller frivillige tiltak er gjennomførte.

Mottaker

Fylkesmannen

Behandling

Fylkesmannen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til fylkesmannen før klagefristen for vedtaket går ut.

Behandlingstid

fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Landbruksavdelinga i Klepp
  • Telefon 51 42 98 90
  • Telefaks 51 42 98 94
  • E-post postmottak@klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
  • Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

23.08.2011 09:11