Nydyrking av areal til jordbruksformål
Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen.
Generelt
Beskriving
Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.
Målgruppe
Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.
Kriterie
- Det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
- Nydyrkingstiltaket bør leggje til rette for driftsmessig gode løysingar
- For areal over 50 dekar må det finnast ei konsekvensutgreiing
Regelverk
Lov
Lov om jord (jordlova) § 11 Drift av jordbruksareal, nydyrking og driftsvegarForskrift
Forskrift om konsekvensutredningerForskrift om nydyrking
Søknadsprosess
Skjema SLF-160
Behandling
Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal mellom anna innehalde opplysningar om tilkomst, grøfting og framtidig drift av arealet. Har du ikkje sjølv tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør du kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Regionalt kulturminnemynde og samisk kulturminnråd skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan ha noko å seie for deira fagområde. Det same gjeld Fylkesmannen dersom nydyrkinga kan ha noko på seie for viktige miljøverdiar. Uttalelfristen skal vere på minst éin månad.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 98 90
- Telefaks 51 42 98 94
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
23.08.2011 09:10

