Legevakt

Generelt

Beskriving

Kommunen har legevakt som skal dekkje behovet for akutt hjelp. Du kontaktar legevakta når det ikkje er mogleg å få kontakt med fastlegen.

Kommunen skal sørge for nødvendig helsehjelp til alle som bur og oppheld seg i kommunen. I dette ligg tilgang på allmennlegetenester og øyeblikkelig hjelp (legevaktordning) 24 timer i døgnet.
 
Klepp og Time legevakt
Innbyggarane i Klepp og Time skal ha tilgang på akutt medisinsk teneste heile døgnet.
 
Legevakta som er lokalisert på Kleppetunet gjev legevaktteneste til innbyggjarar i Klepp og Time. Det er i hovudsak fastlegar i begge kommunane som deltek i vaktordninga.
 
 
Opningstid (ring 5142 9999 for timebestilling)
Frå 15.00-23.00 kvardagar og 08.00-23.00 laurdag, søndag og helligdagar
Kleppetunet, Olav Hålandsveg 2, 4352 Kleppe. 
 
Mellom 23.00-08.00, alle netter på Sandnes legevakt
Sandnes legevakt, Jærvegen 107, Sandnes.
Det er ved brannstasjonen på Sandnes, ved RV 44.
 
På dagtid skal ein bruka fastlege, eller det legekontoret ein har fastlege.
Telefonen til legevakta vert besvart heile døgnet: 5142 9999. Dette nummert vert kopla over til Sandnes legevakt på nattestid.
 
I livstruande situasjoner ring 113

 

Målgruppe

Alle som held til i kommunen

Kriterie

Legevakta er for
·         alvorlege og akutte tilstander som ikkje kan vente til neste dag.
·         skade eller tilstander som gjer store plager
 
Pasientens tilstand vert vurdert ut frå medisinske kriterier ved telefonhenvending. Sjukepleiar vil prioritere ut frå retningslinjer i medisinsk index.
 
På dagtid skal ein bruka fastlege, eller det legekontoret ein har fastlege.
Telefonen til legevakta vert besvart heile døgnet: 5142 9999. Dette nummert vert kopla over til Sandnes legevakt på nattestid.
 

Brosjyrar, dokument,kart og lignande

Helsebiblioteket

Pasienthåndboken

Håndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste.

Lov

Lov om helsepersonell mv. (helsepersonelloven)
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-1 - Kommunens overordnede ansvar for helse- og omsorgstjenester
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) kapittel 7 (klage)

Forskrift

Forskrift om rett til helse- og omsorgstjenester for personer uten fast opphold i riket

Søknadsprosess

Klagerett

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og gjer greie for opplysningar som kan vere viktige for klagebehandlinga.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersonar


FornavnEllen Marie
EtternavnKalberg
TittelSeksjonsleiar Klepp og Time legevakt
Telefon51 78 61 00
FornavnRolf
EtternavnBergseth
TittelKommuneoverlege
Telefon51 42 98 00
Mobil90 59 77 82
E-postrolf.bergseth@klepp.kommune.no

Kontaktavdeling

  • Namn Klepp kommune - sentralbord
  • Beskriving

    Sentralbord

  • Telefon 51 42 98 00
  • Telefaks 51 42 98 22
  • Nettadresse http://www.klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25, 4358 Kleppe
  • Opningstid 07:40 - 15:00

Andre opplysningar

Sist oppdatert

07.03.2012 13:42