Kystkultur - tilskott
Du kan søkje om tilskott til å setje i stand freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten.
Generelt
Beskriving
Du kan søkje om tilskott til å setje i stand freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten. Midla skal brukast til konkrete tiltak.
Målgruppe
I hovudsak private eigarar og forvaltarar (som kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande)
Kriterie
Det vil bli gjort ei fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane. Kva vil tiltaket ha å seie i forhold til målet med tilskottsordninga? Det blir lagt vekt på bruk av tradisjonelle material, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging. Tilskotta blir fordelte etter denne prioriteringa:
- tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
- tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det er få av
Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som blir sende dit.
Riksantikvaren
Regelverk
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om kulturminner (kulturminneloven)
Retningslinje
Leve med kulturminner - St.meld. nr. 16 (2004-2005)Søknadsprosess
Veiledning
Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga og om kor du skal sende søknaden.
Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema. Norsk kulturminnefond har søknadsskjema på Internett.
Vedlegg
Utgreiing av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.
Søknadsfrist
Fylkeskommunen kan opplyse om søknadsfristen. Norsk kulturminnefond har to søknadsrundar i året. Søknadsfristen er 1.2. og 1.9.
Mottaker
Søknad skal sendast fylkeskommunen som gjer ei vurdering og prioritering før søknaden eventuelt blir send vidare til Riksantikvaren. Ein kan òg sende søknad til Norsk kulturminnefond.
Behandling
På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk Kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.
Behandlingstid
Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Styret i Norsk Kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to månader etter søknadsfristen.
Klagerett
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som fylkeskommunen har behandla. Før klaga blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
31.08.2011 07:51

