Kulturminne - løyve til inngrep
Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda.
Generelt
Beskriving
Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda, det vil seie kulturminne datert før år 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.
Målgruppe
Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.
Kriterie
Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje, osb.
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Riksantikvaren har utarbeidd fleire retningsliner.
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om kulturminner (kulturminneloven)
Retningslinje
Dekning av utgifter til arkeologiske arbeider ved mindre, private tiltak (rundskriv)Leve med kulturminner - St.meld. nr. 16 (2004-2005)
Søknadsprosess
Veiledning
Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha meir informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.
Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema.
Vedlegg
Gje ei forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning.
Mottaker
Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen/Sametinget. Dei vil ta stilling til om tiltaket er i konflikt med automatisk freda kulturminne, og i tilfelle sende saka vidare til Riksantikvaren.
Behandling
Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er frost- og snøfritt. Fylkeskommunen/Sametinget vurderer søknaden og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette.
Behandlingstid
Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagerett
Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er seks veker. Klaga skal sendast til Riksantikvaren. Dersom Riksantikvaren lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
24.04.2012 15:39

