Informasjon frå skolen til ikkje-sambuande foreldre

Generelt

Beskriving

Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skolegang frå skolen si side og har same retten til å delta på foreldremøte.

Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skolegang, men berre dersom vedkomande spør skolen spesielt. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til å delta på foreldremøte, men vil kunne delta dersom den som har foreldreansvaret, gjev sitt samtykke. Skolen kan likevel avtale eigne møte med den biologiske forelderen, men kan og velje å gje informasjonen skriftleg.

Regelverk

Lov

Lov om barn og foreldre (barnelova) § 47 Rett til opplysningar om barnet

Retningslinje

Informasjon fra skolen til barnets foreldre når disse ikke bor sammen (rundskriv)

Søknadsprosess

Veiledning

Dersom foreldra har felles foreldreansvar og du er den av foreldra som barnet ikkje bur hos, kan du vende deg til skolen og be om å få informasjon direkte. Skolen pliktar da å halde deg løpande orientert om skolegangen til barnet ditt. Er du biologisk forelder, men uten foreldreansvar, har du rett på informasjon berre i dei tilfella du vender deg direkte til skolen.

Klagerett

Du kan klage til Fylkesmannen på avslag om å få informasjon. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Klepp kommune, Etat for skule og barnehage
  • Telefon 51 42 98 00
  • E-post postmottak@klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25, 4358 KLEPPE
  • Besøksadresse Solavegen 1, 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

01.08.2011 00:51