Individuell plan - koordinering av helse- og/eller sosialtenester
Generelt
Beskriving
Du har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet. Planen skal sikre at det til kvar tid er nokon som har ansvaret for koordinering og oppfølging. Vi oppfordrar deg som brukar til å delta aktivt med å forklare dei behova du har for tenester og kva ynske og mål du har.
Koordinerande eining:
- Henvendingsstad for brukarar og samarbeidspartnarar.
- Saksbehandling ved ønskje/ behov for individuell plan.
- Utvikle individuell plan på systemnivå. Gi opplæring, veiledning og informasjon om individuell plan. Utdanne personlige koordinatorar.
- Ha oversikt over individuelle planar og personlige koordinatorar
- Oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbodet i kommunen og i helseregionen, samt vere eit kontaktpunkt for samarbeid internt og eksternt.
- Medverke til at habiliterings- og rehabiliteringstilboda vert samordna, og at brukaren sine ønskjer og behov vert ivaretekne gjennom heile prosessen.
- Samarbeide med brukarorganisasjonar og aktuelle forvaltningsorgan.
- Rapportere til leiarnivå om tenestetilbod, framdrift, utfordringar og behov med store økonomiske konsekvensar.
Målgruppe:
- Brukarar og pårørande til brukarar som har behov for heilskapleg og koordinerte tenester over tid.
- Tenesteytarar og samarbeidspartnarar i og utanfor Klepp kommune som er i kontakt med brukarar som har behov for heilskapleg og koordinerte tenester.
Målgruppe
- Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester
- Personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor
Brosjyrar, dokument,kart og lignande
Link:helsedirektoratet- koordinerende enhet for habilitering og rehabilitering
Tipshefte om individuell plan
Håndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen
helsenorge.no - individuell plan
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste.
Lov
Lov om barneverntjenester (barnevernloven) § 3-2a - plikt til å utarbeide individuell planLov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven) § 4-1 Individuell plan
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) kap. 7 - Individuell plan, koordinator og koordinerende enhet
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 7-1 - Individuell plan
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) kapittel 7 (klage)
Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen kap. 4 Individuelle tjenester
Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven) § 2-5 Individuell plan
Forskrift
Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinatorForskrift om individuell plan i arbeids- og velferdsforvaltningen
Retningslinje
Rett til egen tros- og livssynsutøvelseSøknadsprosess
Veiledning
Du eller dine pårørande kan ta initiativ til å få laga ein individuell plan, men hovudansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet.
Vedlegg
Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er nokon annan som søkjer for deg.
Behandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagerett
Høvet til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå avsnittet om lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.
Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 98 00
- Telefaks 51 42 99 69
- Besøksadresse Olav Hålandsveg 2 4352 Kleppe
- Opningstid 07:40 - 15:00
Andre opplysningar
Sist oppdatert
07.03.2012 13:43

