Grunnlån
Alle kan søkje Husbanken om grunnlån til oppføring av ny bustad.
Generelt
Beskriving
Alle kan søkje Husbanken om grunnlån til oppføring av ny bustad. Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og miljø. Det vil seie at huset du ønskjer å byggje, mellom anna
- må vere lagt til rette for livsløpsstandard
- ha redusert energibehov
- bestå av miljøvennlege materialar
I somme distrikt kan ein i nokre tilfelle vike frå kvalitetskrava.
Målgruppe
Alle, uanhengig av inntekt og situasjon elles
Kriterie
Husbanken reknar med at du har økonomisk evne til å betene lånet og at du kan dokumentere det. Husbankfinansiering skal vere retta inn mot rimelege kvalitetsbustader og gjeld ikkje dei dyraste bustadene.
Pris
Lånet følgjer rentevilkåra i Husbanken.
Om det å bo i Norge - på ti ulike språk
Grunnlån - ofte stilte spørsmål
Regelverk
Lov
Lov om HusbankenLov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Forskrift
Forskrift for klagenemnda for HusbankenForskrift om grunnlån fra den Norske Stats Husbank
Søknadsprosess
Veiledning
Ta kontakt med regionkontoret i Husbankens så tidleg som mogleg og gjerne før du sender søknaden. Bruk søknadsskjemaet (sjå lenkja under) og fyll det ut i to eksemplar.
Søknad om startlån, tilskudd til etablering og tilpasning
Vedlegg
- Målsette teikningar
- Situasjonsplan
- Byggjekontrakt/tilbodsmateriale
- Utrekning av oppvarmingsbehovet for bustaden
- Annan nødvendig dokumentasjon
Mottaker
Søknaden sender du til regionkontoret i Husbanken .
Behandling
I vurderinga vil det bli lagt vekt på lokale kostnads- og marknadsforhold, kvalitet og brukargruppe. Husbanken tilbyr samarbeid tidleg i prosjekteringsfasen for å avklare kvalitet og pris.
Klagerett
Det er høve til å klage på Husbanken sitt vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån eller tilskott. Klagen må vere skriftleg og sendast til det kontoret som har gjort vedtaket. Klagen må grunngjevast. Før opp kva du klager over og kva for endring du ønskjer. Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, sendast han til ei uavhengig klagenemnd som er oppnemnd for husbanksaker.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429750
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
17.08.2011 09:33

