Heimeundervisning
Generelt
Beskriving
Foreldre/føresette til elevar i grunnskolen kan undervise sine barn heime om dei meiner at dette er best ut frå ideologiske eller religiøse/livssynsmessige grunnar. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra / dei føresette og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikkje er tilfredstilte, skal kommunen krevje at barnet byrjar i skole. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.
Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.
Kriterie
Det blir ikkje kravd at du har formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skoleverksemd. Om du underviser barna til andre, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet.
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Opplæringslova §§ 2-1, 2-13 og 14-2
Lov
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova)
Søknadsprosess
Veiledning
Du melder skriftleg frå til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51 42 98 00
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25, 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1, 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
01.08.2011 00:52

