Gravferd
Den som har fylt 18 år, kan i ei skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å stå for gravferda.
Generelt
Beskriving
Den som har fylt 18 år, kan i ei skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å stå for gravferda. Elles vil det vere dei nærmaste etterlatne til den avdøde som har ansvaret for dette. Dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda, tar kommunen avgjerda. Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen der avdøde budde, sørgje for henne.
Kriterie
Gravlegging skal skje med respekt for den religionen eller det livssynet som den avdøde hadde. Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med den avdøde sit ønske. Dersom den avdøde ikkje er kremert, skal gravlegging skje seinast ti verkedagar etter dødsfallet.
Kyrkjeleg fellesråd kan forlenge fristane dersom det er tungtvegande grunnar for det.
Pris
Eit gravferdsbyrå skal utan å bli bede om det tilby prisliste til kundar som spør byrået om gravferdstenester. Ved tinging skal kundane utan å måtte be om det, få eit skriftleg pristilbod og få rimeleg tid til å setje seg inn i pristilbodet før det blir gjort avtale.
Folketrygda kan gi behovsprøvd gravferdsstønad med utgangspunkt i den siste tilgjengelege likninga/sjølvmeldinga. I dei fleste tilfella blir stønadssummen redusert med summen av finansformuen til den avdøde og det forsikringsbeløpet som blir utbetalt på grunn av dødsfallet.
Gravferd - Den norske kirke
Gravferd - Human-Etisk forbund
Gravferdsbransjens yrkesetiske regler
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Sjå kven som blir rekna som dei nærmaste etterlatne til den avdøde, i gravferdslova § 9 andre leddet.
Lov
Lov om folketrygd (folketrygdloven) kap. 7 Stønad ved gravferdLov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) kap. 2 - Gravferd, kremasjon og gravlegging
Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) § 10 - Erklæring om kremasjon
Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) § 13 - Endring av fristen
Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) § 9 - Nærmeste etterlatte
Forskrift
Forskrift om prisopplysning for gravferdstjenesterRetningslinje
Endringer i gravferdsloven og kirkeloven (rundskriv)Søknadsprosess
Veiledning
Det er høve til å sørgje for alt sjølv i samband med ei gravferd, men dei fleste vel å bruke eit gravferdsbyrå i større eller mindre utstrekning. Den som har ansvaret for gravferda, avgjer i så fall sjølv kva gravferdsbyrå han eller ho ønskjer å bruke.
Eit gravferdsbyrå kan mellom anna hjelpe til med å:
- Fastsetje tider for overføring, gravferd, kremasjon osv.
- Kontakt med prest/imam/talar, musikarar, songarar, gravlund o.a.
- Skaffe kiste og utstyr, stelle den avdøde
- Ordne transport av kista
- Ordne papir til skifterett, politi, Nav, osb.
- Annonsere dødsfallet
- Trykkje songar, salmar og takkekort
- Ordne blomar, dekorasjonar, kransar
- Leggje til rette for og ta del under sørgjehøgtida
- Sørgje for melding til og oppgjer med Nav
- Ordne med minnesamvær
- Ordne med urnenedsetjing
- Ordne med inskripsjon på gravmonument, trekross/symbol og gravlykt
Nokre byrå formidlar òg tenester som reingjering av bustaden med rydding og bortkøyring.
Klagerett
Du kan ikkje klage på avgjerda til kommunen dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda. Du kan heller ikkje klage på avgjerda til kyrkjeleg fellesråd om å forlenge eller forkorte fristen for kremasjon og gravferd.
Den som har ansvaret for gravferda, kan klage på eit gravferdsbyrå til Klagenemnda for gravferdstjenester, Postboks 2900 Solli, 0230 Oslo. Nemnda er sett saman av ein uavhengig jurist (leiar av nemnda), ein representant frå Forbrukarombodet og ein frå gravferdsbransjen.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429750
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
31.01.2012 10:28

