Økonomisk rådgjeving
Generelt
Beskriving
Har du betalings- eller gjeldsproblem, kan kommunen gi deg økonomisk rådgjeving. Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med dei du skyldar pengar. Men du kan få hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, forhandle med kreditorar og inngå ei gjeldsordningsavtale. Nav har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).
Økonomirådstelefonen i Nav
Håndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste.
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersoner (gjeldsordningsloven) § 1-5 Kommunens plikt til å bistå personer med alvorlige gjeldsproblemer
Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 17 Opplysning, råd og veiledning
Retningslinje
Gjeldsordningsloven - veiledende livsoppholdssatserSøknadsprosess
Veiledning
Til det første møtet bør du ha med deg dette:
- Siste likningsattest
- Saldo på alle kontiane
- Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
- Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadene
- Dokumentasjon på eventuell bustønad
- Opplysningar om lån, kredittgjeld, osb.
- Kvittering for betalt husleige og straum
- Utgifter i til lege, fysioterapeut, kiropraktor, tannlege, osb.
- Utgifter til barnehage, SFO eller annan barnepass
- Utgifter til forsikring
- Opplysningar om innskot i spareordningar
Behandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429800
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
14.10.2010 00:36

