Film og video - konsesjon for framvising
Generelt
Beskriving
Framvising av film eller video som næring kan ikkje skje utan konsesjon frå kommunen. Det blir gjeve konsesjon for inntil fem år. Det krevst ikkje kommunal konsesjon for å vise film eller video
- der det ikkje blir kravd betaling for framvisinga
- i hotellrom
Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre kontroll med at den konsesjonspliktige verksemda blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.
Kriterie
Film/video som skal visast fram, må vere registrert i Medietilsynet sitt filmregister på førehand. Film/video som skal visast fram til personar under 18 år, må vere godkjend av Medietilsynet på førehand.
Ein skal føre særskilt rekneskap for avgiftspliktig framvising.
Pris
Ein må betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 % av bruttoomsetninga.
Søknadsprosess
Behandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.
Behandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429800
- Telefaks 51429876
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
19.10.2010 11:08

