Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Generelt

Beskriving

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg minimum kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, er avhengig av oppvarmingssystemet, sotmengda, osb. i bustaden. Tenesta gjeld berre heilårsbustader. Fritidsbustader er unnateke lovpålagd feiing, men kan bli utført etter avtale.

Dersom du meiner det er behov for feiing utanom det ordinære systemet (kvart 4. år) kan du sjølv kontakta feieren hjå Brannvesenet Sør-Rogaland på telefon 51 50 22 70 for å avtala direkte.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Kriterie

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå òg forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn kapittel 7 og 2.

Lov

Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 11 Brannvesenets oppgaver

Forskrift

Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
Forskrift om stillaser, stiger og arbeid på tak m.m.

Retningslinje

Veiledning til forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn

Søknadsprosess

Veiledning

Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Dersom du monterer ny pipe eller eldstad i ein bustad som tidlegare ikkje har hatt det, må det sendast melding til kommunen. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!

Behandling

Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har har noko å seie for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsmyndigheiten kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer.

Klagerett

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Bygnings- og reguleringsavdelinga
  • Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

25.10.2010 14:31