Bustadtilskott til utbetring/tilpassing
Generelt
Beskriving
Har du behov for ein spesialtilpassa bustad, kan du søkje kommunen om bustadtilskott for å dekkje meirkostnadene anten heilt eller delvis. Tilskottet kan gjevast til mindre utbetringar av den bustaden du har eller dersom du skal byggje eller kjøpe bustad. Har du fått støtte frå Rikstrygdeverket til å kjøpe bil, kan du òg få støtte til garasje. Det er òg mogleg å søkje Husbanken om tilskott til prosjektering og utgreiing på førehand.
Målgruppe
Målgruppe er mellomn anna
- funksjonshemma
- sosialt vanskelegstilte
Kriterie
Det blir gjort ei vurdering av både dei særskilde behova du har for tilpassing og av den samla økonomien i husstanden.
Regelverk
Forskrift
Forskrift om boligtilskudd fra Den Norske Stats HusbankRetningslinje
Husbankens retningslinjer for boligtilskuddSøknadsprosess
Veiledning
Søknaden skal skrivast på blankett HB 7.S.13. Blanketten får du frå kommunen eller frå lenkja under.
Vedlegg
- Uttale om forventa inntektsutvikling over tid
- Kopi av likningsutskrift frå førre året
- Oppgåve over eventuell eigenkapital (kontantar, bankinnskott eller midlar som kan frigjerast ved sal av bustad eller anna)
- Sosialrapport, legeerklæring eller annan dokumentasjon på den særlig vanskelige situasjonen i husstanden
Behandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagerett
Klagenemnda i kommunen er klageinstans. Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429750
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
22.08.2011 07:51

