Brukarstyrt personleg assistanse
Generelt
Beskriving
Er du sterkt funksjonshemma og treng praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, kan du søkje om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Innafor det timetalet som kommunen gjev, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistenten(-ane) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i funksjonshemminga.
Målgruppe
- Funksjonshemma med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla).
- Personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming
- Familiar med barn som er funksjonshemma
Kriterie
Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven
Lov
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenesterLov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-8 - Brukerstyrt personlig assistanse
Retningslinje
Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv)Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv)
Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
Søknadsprosess
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Behandling
Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Behandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meniner at vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktpersonar
FornavnNina Bolme
EtternavnSteinsholt
TittelAvdelingsleiar
Telefon51 42 98 00
E-postnina.bolme.steinsholt@klepp.kommune.no
Ansvarleg avdeling
- Telefon 51 78 44 30
- Telefaks 51 78 45 80
- E-post nina.bolme.steinsholt@klepp.kommune.no
- Besøksadresse Kleppetunet Olav Hålandsveg 2 4352 Kleppe
- Opningstid 08.00-15.00
Kontaktavdeling
- Beskriving
Sentralbord
- Telefon 51 42 98 00
- Telefaks 51 42 98 22
- Nettadresse http://www.klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25, 4358 Kleppe
- Opningstid 07:40 - 15:00
Andre opplysningar
Sist oppdatert
07.03.2012 13:36

