Bompengar - privat veg
Generelt
Beskriving
Kommunen kan gje samtykke til at eigarar av privat veg kan krevje inn bompengar for å bruke vegen. Kommunen fastset storleiken på avgifta og kan gje vilkår for bruken av bompengane. Kommunen fastset òg om det skal krevjast tilleggsavgift når bompengane ikkje blir betalte, og storleiken på tilleggsavgifta.
Kriterie
Kommunen vurderer om det er rimeleg å krevje bompengar i lys av
- omfanget av ferdselen
- slitasjen
- kostnadene ved vedlikehald
- storleiken på bompengebeløpet
Alternativet er at utanforståande ikkje får lov til å bruke vegen. Det blir skilt mellom dei brukarane som nyttar privatvegen for tilkomst til eigedommane sine, og dei som er på besøk eller ikkje har fast tilknytting til vegen.
Regelverk
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Veglova § 56
Søknadsprosess
Veiledning
Søknad om samtykke til å krevje bompengar av utanforståande blir fremja av vegeigaren eller veglaget, det vil seie dei som eig vegen og held han i stand. Kommunen kan gje rettleiing.
Klagerett
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429750
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
31.08.2011 07:43

