Barnehageplass

Generelt

Beskriving

Du har rett til å få barnehageplass frå august dersom barnet ditt fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året du søkjer. Dersom barnet ditt er under eitt år, kan du få tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet.

Barnehagen skal i samarbeid og i samråd med heimen ta vare på barnet sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Det skal takast omsyn til:

  • alderen til borna
  • funksjonsnivå
  • kjønn
  • sosial, etnisk og kulturell bakgrunn

Barnehagar i Klepp

Målgruppe

Born 0 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterie

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Born med nedsett funksjonsevne
  • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

Pris

Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldra må betale for ein barnehageplass.

Ofte stilte spørsmål om rett til barnehage
Velkommen til barnehagen

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Lov

Lov om barnehager (barnehageloven)
Lov om barneverntjenester (barnevernloven) § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier

Forskrift

Forskrift om familiebarnehager
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage

Retningslinje

Kvalitet i barnehagen - St.meld. nr. 41 (2008-2009)
Rammeplan for barnehagen - temahefter
Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen

Søknadsprosess

Veiledning

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Behandling

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, skal du ha rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.

Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.

Har du ikkje fått oppfylt korkje første eller andre ønsket ditt om barnehageplass, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving.

Klagerett

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt korkje det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Søk barnehageplass

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Klepp kommune, Etat for skule og barnehage
  • Telefon 51 42 98 00
  • E-post postmottak@klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25, 4358 KLEPPE
  • Besøksadresse Solavegen 1, 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

01.08.2011 00:55