Avløysarordningane i jordbruket

Generelt

Beskriving

Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterie

Avløysaren må vere minst 16 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket. Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret og 

  • er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
  • har hatt ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadene før registreringsdato

Ved spørsmål knytta til avløysing ved sjukdom m.v. kan de kontakte Hilde Kristin Honnemyr ved landbruksavdelinga. 51 42 98 90

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Jordlova §§ 3, 18

Lov

Lov om jord (jordlova)

Forskrift

Forskrift om tilskot til avløysing

Søknadsprosess

Veiledning

Du fyller ut eit søknadsskjema frå Statens landbruksforvaltning (sjå nedanfor). Skjemaet kan du også få ved å vende deg til kommunen.

Skjema for avløysartilskot, ferie og fritid er det same som det ordinære søknadskjemaet om produksjonstilskot. Sjå eige skjema for avløysartilskott ved sjukdom. Statens landbruksforvaltning har gjort denne elektroniske tenesta tilgjengeleg i Altinn.

Hvordan logge deg på SLFs elektroniske tjenester i Altinn?
Søknad om avløysartilskot ved sjukdom mv.

Vedlegg

Dette avheng av type avløysing. Sjå forskrift om tilskot til avløysing under Lover og retningsliner.

Søknadsfrist

Frist for søknad om tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 20. januar året etter at avløysinga har skjedd. Ved langvarig sjukdom eller ved svangerskap/fødsel kan du søkje så ofte du ønskjer det, f.eks. kvar andre månad. Den seinaste fristen for å levere søknader er tre månader etter den siste dagen i søknadperioden som gjev rett til tilskot. For nærmare avklaring, kontakt kommunen.

Behandling

Kommunen gjer vedtak i saka. Sjå søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinene for utbetaling av tilskotet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.

Behandlingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Klagerett

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Landbruksavdelinga i Klepp
  • Telefon 51 42 98 90
  • Telefaks 51 42 98 94
  • E-post postmottak@klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
  • Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

26.09.2011 10:58