Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg
Generelt
Beskriving
Skal du byggje eller flytte ein avkøyrsel frå kommunal veg, må du søkje kommunen om godkjenning. Dette gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir dette behandla i byggjesaka. Gjeld det avkøyrsel frå fylkesveg og riksveg, sender du søknad til fylkeskommunen eller Vegdirektoratet.
Målgruppe
Grunneigarar og utbyggjarar
Kriterie
Avkøyrsel er alle tilknyttingar mellom offentleg veg og privat eigedom. Som avkøyrsel blir òg rekna tilknytting for fotgjengarar. Avkøyrselen må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og dei retningslinene som er gjevne av staten og kommunen. Dersom området ikkje er regulert eller det ikkje er planar for avkøyrsel i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.
Regelverk
Gjeldande lov og regelverk
Dersom området ikkje er regulert eller avkøyrsel ikkje inngår i arealdel eller reguleringsplan i kommunen, sjå veglova (§§ 40-43 og § 13) med forskrifter. Sjå elles plan- og bygningslova.
Lov
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 27-4 Atkomst
Veglova
Forskrift
Forskrift om (...) avkjørslesaker for riksvegForskrift om (...) bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg
Søknadsprosess
Veiledning
Kommunen kan gje deg informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningsliner som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.
Vedlegg
Situasjonskart der avkøyrselen er teikna inn.
Klagerett
Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Desom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Fylkesmannen. Klagen sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Telefon 51429800
- E-post postmottak@klepp.kommune.no
- Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
28.12.2011 10:38

