Byggavfall - kjeldesortering

Generelt

Beskriving

Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.

Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.

Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.

Målgruppe

Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak

Kriterie

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna

  • nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal 
  • riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter bruksareal

Brosjyrar, dokument,kart og lignande

Kommunal side om avfall og renovasjon

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Sjå spesielt kap. 9 (ytre miljø) i byggteknisk forskrift (TEK 10) 

Forskrift

Forskrift om tekniske krav til byggverk (TEK 10)

Retningslinje

Avfallsregler i pbl. Veil. fra DiBK

Søknadsprosess

Veiledning

Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.
 

Avfallsplanen skal m.a. innehalde

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast
Avfallsplan og sluttrapport

Vedlegg

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
Dette kan vere

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)

Behandling

For tiltak som både
 

  • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
  • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing
     

vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere knytta opp mot byggjesaksbehandlinga.

Behandlingstid

Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak

Klagerett

Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Klepp kommune sentraladministrasjon
  • Telefon 51429800
  • E-post postmottak@klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25 4358 KLEPPE
  • Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE

Andre opplysningar

Sist oppdatert

28.12.2011 09:02