Adressetildeling
Generelt
Beskriving
Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal den som er registrert eigar eller festar informerast og få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig. Skrivemåten blir fastsette etter reglane i lov om stadnamn. Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har tilkomst frå. Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.
Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg verksemd. Kommunen kan endre adresse
- når ein skal endre tilkomstvegar
- når ein skal oppføre nye bygg
- når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse
Regelverk
Lov
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) kap. 4 Adresser til eigedommar og bygningarLov om stadnamn § 5 Fastsetjing av skrivemåten
Forskrift
Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) kap. 12 Offisiell adresseForskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 22 Klage over adressetildeling
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Besøksadresse Solavegen 1 4352 KLEPPE
Andre opplysningar
Sist oppdatert
31.08.2011 07:42

