Skulehelseteneste

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Du kan få råd og rettleiing og få gjennomført helseundersøkingar og vaksinasjonar.

Generelt

Beskriving

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Du kan få råd og rettleiing og få gjennomført helseundersøkingar og vaksinasjonar. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.

Pris

Tenesta er gratis.

Regelverk

Gjeldande lov og regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste.

Lov

Lov om helsepersonell mv. (helsepersonelloven)
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-1 - Kommunens overordnede ansvar for helse- og omsorgstjenester
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)

Forskrift

Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Søknadsprosess

Klagerett

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva du ønskjer endra.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

  • Namn Klepp kommune - sentralbord
  • Beskriving

    Sentralbord

  • Telefon 51 42 98 00
  • Telefaks 51 42 98 22
  • Nettadresse http://www.klepp.kommune.no
  • Postadresse Postboks 25, 4358 Kleppe
  • Opningstid 07:40 - 15:00

Andre opplysningar

Sist oppdatert

07.03.2012 13:44