VI HAR EIN PLAN! - om å skape eit samfunn for alle. Klepp og Time kommunar er pilotkommunar i regjeringa sin handlingsplan for auke tilgjenge 2005 – 2007
Handlingsplanen "Frå barnevogn til rullator" - foredrag frå seminar Foredrag frå seminar om universell utforming 5. september 2006 Samling for pilotkommunar 25. og 26. september 2006 Ny diskriminerings – og tilgjengelighetslov Kommunestyre- og fylkestingsval 2007
Det er oppretta ei felles styringsgruppe for prosjektet der Helge Braut, politikar i Klepp er leiar og Michael Evans, politikar i Time, er nestleiar.
Det er og ei arbeidsgruppe i kvar kommune.
Tradisjonelt har vi planlagt omgivelsene for menneske med alle sanser og funksjonar i behold. Her må vi tenkje nytt. For at alle skal ha same mulighetene, må miljøet utformast med meir omtanke
Eit bygg eller uteområde oppnår ikkje god tilgjenge ved rein slump. Universell utforming handlar om bevissthet, god planleggjing og kompetanse. Målet er å skape lokalsamfunn med god tilgjenge, deltaking og likeverd for alle.
På heimesida til Husbanken kan du sjå eksempel på gode løysingar. Gjeld mellom anna for inngangsparti, trapper og ramper, heis, uteområde og leikeplassar
Nyttig informasjon om universell utforming kan du og finne på heimesida til Byggteknisk etat, Deltasenteret og Miljøverndepartementet.