Barnehage
Barnehageplass- søknad, planl.dagar, info. om bhg., vedtekter og foreldrebetaling
BARNEHAGANE
Klepp kommune kan tilby om lag 850 barnehageplassar for barn mellom 6 månader og 6 år.
Opplegg og innhald i dei ulike barnehagane er styrt av ein rammeplan som gjeld for alle barnehagane i Noreg. I tillegg har kvar barnehage i Klepp eigne satsingsområde. Dermed får kvar barnehage ulikt tilbod og ulik profil.
Sentralt i alle barnehagane står likevel utvikling av språk og sosial kompetanse og bruk av leik. Det blir og jobba bevisst med sentrale fagområde som til dømes drama, musikk, forming, språk og uteliv.
Innhaldet i barnehagane blir stadig vurdert og forbetra saman med foreldre, barn og personale.
Etaten arbeider stadig for å tilby brukarane dei plassane dei ber om. Klepp kommune kan tilby både heile, halve, delte og korttidsplassar, dessutan plassar i open barnehage.
Alle barnehagane har eit foreldreråd som består av alle foreldra. Foreldrerådet har rett til å uttala seg om saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. Det er og etablert eit felles foreldreforum. Her er foreldrerepresentantar frå alle barnehagane med.
Ta gjerne kontakt med den einskilde barnehagen eller med etat for skule og barnehage dersom du ønskjer meir informasjon.
Open barnehage:
I open barnehage treng ein ikkje søke plass. Ein vaksen må vera i lag med barnet i barnehagen. Det er heller ikkje vanleg foreldrebetaling i desse barnehagane. Ein betalar kr. 15,- pr barn pr. dag. (5 - åringar som er med på eige 5- årsopplegget, betalar kr. 25,- for desse dagane.)
Klepp kommune har ein opnen barnehage: Steingarden barnehage, avdeling Tusenbeinet (tlf. 47 45 12 15) held til i Turnhallen og er open tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå kl. 9.00 - kl. 13.15.
Sist endra
21.05.2010
|