|
Du er her: Lærlingar
Lærlingar
Jærkommunane Klepp, Time og Hå samarbeid om inntaket av lærlingar. Kommunane vil etter planen ta inn lærlingar til sommaren/hausten i følgjande fag:
KLEPP KOMMUNE:
TIME KOMMUNE:
- Helsearbeidarfaget
- Barne- og ungdoms-arbeidarfaget
- Kontorfaget
HÅ KOMMUNE:
- Helsearbeidarfaget
- Barne-og ungdoms-arbeidarfaget
- Aktivitørfaget
Søkjarar bør ha fullført grunnkurs/VG1 og VK1/VG2 innan aktuelt fagområde før endeleg tilsetting som lærling. Lærlingane vert tilsette på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Arbeidstida er heiltid. I nokre fag må ein til tider arbeida turnus. Interessert?
Time kommune koordinerer i år søknadene for alle tre kommunane. Du sender bare eitt søknadsskjema kor du skriv i kva kommune du søkjer læreplass. Søkjer du læreplass i fleire kommunar, skriv du kva for ein kommune du prioriterer som nr. 1, 2 eller 3. Time kommune formidlar søknadane vidare til dei andre kommunane etter prioritert rekkefølge.
Legg ved:
- Kopi av vitnemål frå grunnkurs/VG1
- Kopi av terminkarakterane/evt. vitnemål frå VK1/VG2
- Kopi av eventuelle attestar
Søknadsskjema finn du på kommunane sine heimesider.
Har du spørsmål som vedkjem læreplassane, ta kontakt med:
Time kommune, v/Svein Grytten eller Synnøve Obrestad, tlf. 51 77 60 00, www.time.kommune.no
Hå kommune, v/Tove Dubland, tlf. 51 79 98 02, www.ha.kommune.no
Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du til:Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne
Søknadsfrist: 3. mars 2010
Søknadsskjema i word-format finn du her
Sist endra
12.02.2010
|