Fullmåneplakaten for 2012.
Her er den heilt nye, fine og forhåpentlegvis endelege Fullmåneplakaten for 2012.
Vil du reservera billettar til nokre av konsertane kan du enten senda ein epost til fullmaane@klepp.kommune.no eller ringa telefon 51429860, SMS kan sendast 41502979. Me har ein person som tar seg av billettbestillinga. Dersom du ikkje får svar med ein gong, fortvil ikkje. Du vil få svar så snart som råd er. Ingen vil gå føre deg i køen, bestillingane vert handsama etter kor tid dei kom inn enten det er på epost eller SMS. Det er ikkje kvar dag me jobbar døgnet rundt, og på laurdag kveld er det normalt lite jobbing :-)
Du oppgir navn og eit mobilnummer og kor mange billettar du vil ha. Billettane hentar du på Friluftshuset samme dag som konserten. Billettane må hentas innen 1930, og konsertstart er klokka 2000.
Billettane kostar kroner 200,-.
Program 2012
- Måndag 9. januar – TØNES
- Tysdag 7. februar - Jan Ingvar Toft
- Torsdag 8. mars - Karoline Krüger
- Fredag 6. april - Eivør
- Sundag 6. mai - Rønnaug Foss Alsvik
- Måndag 4. juni - Zydeco Supply
- Tysdag 3. juli – Triakel
- Torsdag 2. august - Martin Taylor
- Fredag 31. august - The Real Neils
- Sundag. 30 september - Myshkin og Kirsty McGee
- Måndag 29. oktober - Hot Club De Norvege
- Onsdag 28. november - Lau
- Fredag 28. desember - Favorittlåten
Fullmånekveld med Vindrosa februar 2011

