Feistein fyr

Oppdatert den 08.jan.2014

 Fotograf: Rosemarie Grøssfjeld

Feistein fyr ligg om lag 2 km vest for Sele hamn. Fyret blei tend fyrste gong i 1859. Då var fyret montert i eit tårn på sjølve bustadhuset. Fyrtårnet i støpejern vart sett opp i 1915, etter at det i 1914 sto utstilt på Norges Jubileumsutstilling i Oslo med komplett fyrapparat.Det er 25 meter høgt. Tidlegare var det blant anna ei smie på Feistein. Bygningane som står att i dag; fyrtårnet, fyrmesterboligen, uthuset og naustet, er i dag freda. Fyret vart automatisert og avfolka i 1989.


Fotograf: Rosemarie Grøssfjeld

    
Fyret er tilgjengeleg for overnatting/utleige 15. mai- 15.sept.

I huset er det 15 senger, for det meste i tomannsrom. Huset kan også leigast for møter på dagtid. I naustet kan det dekkjast på til ca 40 stk, eigne prisar for leige av naustet.
 
For meir informasjon ta kontakt på telefon 51429800 (Klepp kommune, kulturavd. v/Thorbjørg) eller tkr@klepp.kommune.no.

 

Fotograf: Rosemarie Grøssfjeld

Prisar:

Båt tur/retur Sele hamn kr 250,- pr pers, halv pris for barn mellom 4-16 år.
Overnatting kr 250,- pr pers/pr døgn, kr 100,- for barn mellom 4-16 år.

Det er mogleg å leige heile huset for kr 3000,- pr døgn, då er du sikra å ha heile huset for deg sjølv.
Dagleige hus, kl. 10.00-16.00 kr 500,-.
Ettermiddag-/kveldsleige, 16.00-22.00, kr 1000,-

Omvisning etter avtale med vert.
 
Sjå program for fyrsamarbeidet En Kjede Av Fyr, On The Edge, HER

 Feistein ca 1925