Privat høgskule på Særheim
Til saman 100 studentar – for det meste frå Vestlandet
Torsdag i sist veke var ordførar Ane Mari Braut Nese, næringsansvarleg Brit Karlsen Ree og underteikna på Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (BLB) på Særheim. Der møtte me rektor Dag Jørund Lønning og organisasjonsleiar Eirik Hobberstad.

Skulen er ein privat høgskule som blei opna i 2005. Slagordet er : Kunnskap for utvikling ! Skulen har om lag 100 eigarar og har nå same tal på studentar. Undervisninga er for det meste organisert som samlingar og sjølstudium med rådgjeving. Skulen gjev mellom anna tilbod om bachelor-grad i bygdeutvikling, nokre årsstudier samt ulike spesialiserte modular og fagkurs. Rektor Lønning gav klårt uttrykk for at skulen ønskjer å vere ein utviklingsaktør i vår region ; spesielt når det gjeld næringsutvikling og arealplanlegging. Skulen har ei klår spissing mot innovasjon, utviklingsarbeid og bygdeutvikling.
I 2012 er høgskulen sitt budsjett på om lag 8 mill. kronar. Inntekta er slik : 2,8 mill. kronar frå Staten, 1,8 mill. kr. frå studentane og resten frå forsking/andre oppdrag.
På skulen si heimeside (www.hlb.no) finn ein mellom anna følgjande informasjon :
Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) er ein offentleg godkjend privat høgskule som tilbyr fleksible høgskulestudiar med fokus på landbruk, nærings- og bygdeutvikling.
Høgskulen ligg i Landbruksparken Særheim i Klepp kommune, eit av landets fremste kompetansesenter for landbruk. Høgskulen er organisert som eit andelslag og er eigd av regionale forvaltingsaktørar samt bedrifter og organisasjonar i landbruket, lokalt og regionalt. HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn.
HLB er medeigar i det nystarta kompetanseselskapet Rogaland Landbrukspark SA (RLP). Selskapet blir det største kompetansesenteret for landbruk i Noreg med nærare 150 arbeidsplassar, dei fleste lokaliserte på Særheim. Rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning, er valt til styreleiar for landbruksparken.
23/1-12, Svein Tore Åtland

