Lønsamt næringsliv i Klepp

Oppdatert den 03.jan.2012

NæringsNM 2011 er klart

Stavanger-regionen blei kåra av NHO som den beste næringsregionen i Norge for sjuande år på rad. Dette viser ein rapport frå Telemarksforsking. Trondheimregionen kjem som nr 2, Bergen nr 6 og Oslo nr 8.

Av dei kommunane som hadde det mest lønsame næringslivet i 2011 kjem Klepp på delt 2. plass saman med Fusa. Rapporten viser at Klepp og Fusa har hatt det mest lønsame næringslivet dei siste 5 åra.

6 av kommunane i Stavanger-regionen er blant dei 10 beste i næringsNM samanlagt frå 2000 - 2010.

Her kjem Sola på første plass og Klepp som nr 9.