Elevrådsleiar frå Klepp skal vera med på finna nytt barneombod!
Oda Jess Langaas, elevrådsleiar ved Kleppe skule, er plukka ut til å vera med i arbeidet med å finna nytt barneombod.
Nytt barneombod skal engasjerast i seks år frå 2012. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har engasjert åtte barn og unge til å vera med i prosessen. Oda ei ein av desse. Ho skal vera i Oslo i to helger for å velja kva eigenskapar barnehageombodet bør ha, laga ein knallbra jobbannonse og laga eit godt jobbintervju.
Vi ønskjer Oda lukke til med det viktige arbeidet. Kjekt er det og at Kleppe skule markerer seg så godt innan elevrådsarbeid.
Sigurd Aukland

