Heider til elevrådsrarbeidet på Kleppe skule
På siste møte i Hovudutval for skule og barnehage heidra ordførar Ane Mari Braut Nese elevrådet ved Kleppe skule for eit framifrå elevrådsarbeid som er eit mønster for andre skular.
Ho overrekte blomar til leiaren Oda Jess Langaas, som er med i arbeidet med å utnemna ny barneombod. Ordføraren meinte at det gode arbeidet lærarane Ingeborg Lura og Astrid Wille Hansen har gjort i over 10 år med elevrådet på Kleppe skule har bore frukter. Desse fekk også blomar saman med rektor Astrid E. Lunde som har gitt rammer som har gjort eit kvalitetsarbeid mulig, ifølge lærarane.

Biletet av ordførar, elevrådsstyret ved Kleppe skule, rektor og elevrådslærarane ved Kleppe skule.

