God læring på Horpestad skule med tekno-lab
Hovudutval for skule og barnehage var på synfaring i barnehagar og skular. På Horpestad skule fekk dei ei flott prov på mykje at det gode læringsarbeidet som går føre seg på skulane i Klepp.
Ass rektor Stig Morten Breiland nytta tekno-lab til å få fram målet for timen i naturfag i 4. klassesteg. Målet var å finna ut kvifor nokre konstruksjonar er meir stabile enn andre.

Som det går fram av biletet, fekk elevane ved å prøva sjølv sjå om brua i legoklossar heldt eleven når ho var montert til eit brett eller ikkje.

